Vil du vere med og vidareutvikle teknologi, data og arbeidsprosessar i ei spennande havbruksverksemd? Scoll vidare for å lese meir om stillinga som Utviklar digitalisering hos oss!

Bremnes Seashore er ei av dei største familieeigde lakseoppdrettarane i Norge, med hovudkontor på Bømlo og aktivitet i både Rogaland og Vestland. Me har vore ein del av kystnæringa sidan 1937, og har vakse fram i tett samarbeid med lokalsamfunna våre. ​​​​‌‍​‍​‍‌‍‌​‍‌‍‍‌‌‍‌‌‍‍‌‌‍‍​‍​‍​‍‍​‍​‍‌​‌‍​‌‌‍‍‌‍‍‌‌‌​‌‍‌​‍‍‌‍‍‌‌‍​‍​‍​‍​​‍​‍‌‍‍​‌​‍‌‍‌‌‌‍‌‍​‍​‍​‍‍​‍​‍‌‍‍​‌‌​‌‌​‌​​‌​​‍‍​‍​‍‌‍​‍‌​‍‌‍‌‌‌‍‌‌‍‍‌‍‌‌‌​​‍‍‌​‌‍​‌‌‍‍‌‍‍‌‌‌​‌‍‌​‍‍‌​‌‌​‌‌‌‌‍‌​‌‍‍‌‌‍​‍‌‍‍‌‌‍‍‌‌​‌‍‌‌‌‍‍‌‌​​‍‌‍‌‌‌‍‌​‌‍‍‌‌‌​​‍‌‍‌‌‍‌‍‌​‌‍‌‌​‌‌​​‌​‍‌‍‌‌‌​‌‍‌‌‌‍‍‌‌​‌‍​‌‌‌​‌‍‍‌‌‍‌‍‍​‍‌‍‍‌‌‍‌​​‌​‌‍‌‍‌‌‌‍‌‍‌‍‌‌‌‍‌​‌‍​‌‍​‌​​‌​‍‌​‍​‌‍​‍​‍​‌‍‌​​‍‌​‌​​‌‌‍​‍‌‍‌​​‍‌‌‍​‍​‌‍​‌​​‌‍​‍‌​‍‌​‍‌​‍​‌‍​‍‌‍‌‌​‍​​​‌‍​​​‌‌‍‌‌‌‍​​‍​​‍‌‌​‌‍‌‌​​‌‍‌‌​‌‌​​‌‍​‌‌‍‌‌‍‌‌​‍‌​​‌‍​‌‌‌​‌‍‍​​‌‌‍‌‌‌‍​‌‍​‌‍‌‌‌​‍‌​​‌‌​​‌‍​‍‌‍​‌‌​‌‍‌‌‌‌‌‌‌​‍‌‍​​‌‌‍‍​‌‌​‌‌​‌​​‌​​‍‌‌​​‌​​‌​‍‌‌​​‍‌​‌‍​‍‌‌​​‍‌​‌‍‌‍​‍‌​‍‌‍‌‌‌‍‌‌‍‍‌‍‌‌‌​​‍‍‌​‌‍​‌‌‍‍‌‍‍‌‌‌​‌‍‌​‍‍‌​‌‌​‌‌‌‌‍‌​‌‍‍‌‌‍​‍‌‍‌‍‍‌‌‍‌​​‌​‌‍‌‍‌‌‌‍‌‍‌‍‌‌‌‍‌​‌‍​‌‍​‌​​‌​‍‌​‍​‌‍​‍​‍​‌‍‌​​‍‌​‌​​‌‌‍​‍‌‍‌​​‍‌‌‍​‍​‌‍​‌​​‌‍​‍‌​‍‌​‍‌​‍​‌‍​‍‌‍‌‌​‍​​​‌‍​​​‌‌‍‌‌‌‍​​‍​​‍‌‍‌‌​‌‍‌‌​​‌‍‌‌​‌‌​​‌‍​‌‌‍‌‌‍‌‌​‍‌‍‌​​‌‍​‌‌‌​‌‍‍​​‌‌‍‌‌‌‍​‌‍​‌‍‌‌‌​‍‌​​‌‌​​‍‌‍‌​​‌‍‌‌‌​‍‌​‌​​‌‍‌‌‌‍​‌‌​‌‍‍‌‌‌‍‌‍‌‌​‌‌​​‌‌‌‌‍​‍‌‍​‌‍‍‌‌​‌‍‍​‌‍‌‌‌‍‌​​‍​‍‌‌
Hos Bremnes Seashore skjer digitalisering tett på folka, prosessane og avgjerdene som driv selskapet framover. Her handlar ikkje teknologi om system for systema si skuld, men om å gjere arbeidsdagen enklare, datagrunnlaget betre og verksemda meir effektiv, frå produksjon og logistikk til leiing, analyse og forbetringsarbeid.
No ser vi etter ein erfaren utviklar som vil vere med og vidareutvikle digitale løysingar på tvers av verksemda. Dette er ei rolle for deg som likar å forstå behova bak teknologien, byggje løysingar som blir brukte, og vere tett på både brukarar, fagmiljø og dataplattform.
Om du blir trigga av å byggje digitale løysingar som blir brukte i praksis, og vil vere med og vidareutvikle teknologi, data og arbeidsprosessar i ei spennande havbruksverksemd, vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi trur dette passar godt for deg som har solid teknologisk erfaring, men som òg blir motivert av å forstå korleis teknologi kan skape verdi i ei verksemd. Du likar å byggje løysingar som fungerer i praksis, og du trivst med å jobbe tett på brukarar og fagmiljø.
Synes du dette virker spennande? Meld di interesse her, så kontakter vi deg for ein uforpliktande prat.

«Hos Bremnes Seashore får du jobbe med utfordringar som ligg tett på både menneska, produksjonen og framtida vår. Vi utviklar digitale løysingar som skal gjere kvardagen enklare, datagrunnlaget betre og avgjerdene klokare – og her vil du få vere med og påverke korleis teknologi skaper verdi i ei næring i sterk utvikling.».

Laila Knarvik - Direktør IT og Digital utvikling

Velkommen til Bømlo - sagaøya der skaparkraft ligg i folkesjela!

I øykommunen Bømlo er du aldri langt frå sjøen. Du kan oppleva vill og rå sjø, men også milevidt, blenkjande hav med Nordsjøen som næraste nabo. Det maritime miljøet pregar næringslivet. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar.

Lev tett på naturen 🎣 Kommunen er eit eldorado for fiskeinteresserte, og har mange overnattingstilbod der ein og får høve til å freista fiskelukka frå båt eller land. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke.

Vi tar vare på menneska så vel som fisken 💙 For å nå våre ambisiøse mål er vi heilt avhengig av dyktige og engasjerte ansatte. Vi har stort fokus på å skapa trivsel og tilhøyrsle, og gjer ulike aktiviteter for å ha da kjekt saman.

Er du vår nye Utviklar? Velkommen som søkjar!

Bremnes Seashore ser etter ein erfaren utviklar som vil vere med og utvikle digitale løysingar som gir konkret verdi i kvardagen. Hos oss skjer digitalisering tett på folk, produksjon, logistikk og leiing – og målet er å byggje løysingar som gjer arbeidsdagen enklare, datagrunnlaget betre og verksemda meir effektiv.

I denne rolla blir du ein del av digitaliseringsteamet på Bømlo, der du får jobbe tett på både teknologi, data og forretning. Du vil utvikle og vidareutvikle løysingar i Microsoft Power Platform, byggje Power Apps for interne arbeidsprosessar, automatisere arbeidsflytar med Power Automate og utforske moglegheiter innan AI og Copilot Studio. I tillegg får du bidra inn mot selskapet si Databricks-baserte dataplattform, med arbeid knytt til datakvalitet, datamodellering, datapipelines og integrasjonar mellom ulike system og datakjelder.

Vi ser etter deg som har solid teknologisk erfaring og som likar å forstå behova bak løysingane du byggjer. Kanskje har du erfaring med Power Apps, Power Automate, Dataverse, API-ar, skybaserte dataplattformer, Databricks, Power BI eller Python. Det viktigaste er at du trivst med å jobbe tett på brukarar og fagmiljø, tek ansvar for eigne leveransar og ønskjer å bruke kompetansen din til å skape løysingar som fungerer i praksis.

  Hos Bremnes Seashore får du ei sentral rolle i eit lite og handlekraftig team, med stor fridom, korte vegar og gode moglegheiter til å påverke vidare digital utvikling i ei spennande havbruksverksemd. 


Arbeidsstad er ved hovudkontoret på Bømlo.

 

Er du klar for å ta steget vidare i karrieren? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringspartner i HYR, Jan Erik Røstbø på telefon 90074013 eller e-post jan.erik.rostbo@hyr.no for ei hyggeleg prat om stillinga.

Søknadsfrist: 29.09.2026

Søk her

Vi bruker informasjonskapsler

HYR AS samarbeider med Frantz AS – et selskap som har utviklet teknologi for målrettet stillingsmarkedsføring. Teknologien sørger for at du som kandidat får presentert annonser som er relevante for deg. Ved å akseptere sporing fra oss og Frantz, øker du sannsynligheten for at du mottar informasjon som er relevant for deg - og indirekte fjerner du støy i din netthverdag. Formålet med våre målinger er å gi våre kunder relevant informasjon om relevans og effekt av annonsering relatert til rekrutteringsprosesser.

Klikk her for å lese mer om hvordan vi i samarbeid med Frantz behandler din data.